Expono-funksjonar
Dette er det vi har til deg så langt. Ikkje så gale, eller? ;)
|

Ved å nytte expono.com som di backup lagring, held du bilda dine organisert og sørgjer for at du ikkje lagrar duplikat. Du kan logge inn frå kor som helst for å vise dei fram. Bilda dine vert tatt vare på umodifiserte, i originale format og storleikar.

Bilda dine er lagra i sine originale format og storleikar. Orginalbilda dine vert tatt vare på umodifiserte for reservekopiar og oppatbyggjingsføremål.

Samansette RSS-kjelder for integrasjon med tredjeparts programvare, bildeframsyning, skjermsparar, digitale fotorammer og nettsider.

Bilde som vert lasta opp er automatisk merka med stad dersom dei har GPS-informasjon. Via personverninnstillingane dine kan du definere kven som kan sjå denne informasjonen.

Du kan manuelt merke stadene der bilda dine vart tekne og få dei viste på eit Google kart.

Bilde med stadmerkelappar kan eksporterast til program med KML-støtte, som Google Earth, Google Maps osb.

Merk personar i bilda dine på to måtar; Bilde for bilde eller mange bilde på ein gong. Du kan òg la andre personar merke bilda dine.

Definer kven som kan sjå, merkje, kommentere og laste ned bilda dine ved å lage restriksjonar basert på grupper, individuelle kontaktar eller passord.

Vel bilde som favorittar og behald dei i ei separat søkbar fane.

Vennar og familie kan kommentere bilda dine og expono vil varsle deg automatisk.

Merk og organiser alle bilde med nøkkelord. Skild fane for alle dei personlege merkelappane dine. Søk bilde innanfor bestemte merkelappar og meir.

Ved å merke personar på bilda dine, vert dei automatisk lagt til som ein kontakt i adresseboka di. Finn bilde av kontaktane dine merka av deg eller andre.

Du kan automatisk importer kontaktane dine frå Gmail, Yahoo, Outlook, Outlook Express, America Online, Lotus Notes, Netscape, Palm, vCard og fleire.

Expono føreslår automatisk personar du kanskje kjenner, basert på vennane dine sine kontakar.

Offentlege bilde er delt inn i sikkerheitsnivå for at du skal vere trygg på at du ikkje vil sjå innhald du finn krenkande.

Vel titlar, skildringar, nøkkelmerkelappar, stadmerkelappar, personmerkelappar og meir på mange bilde på ein gong.

Du kan sjå bilde på mange måtar og i mange storleikar

Expono trekkjer ut EXIF og IPTC data frå opplasta bilde og kan automatisk velje titlar, skildring, stad og nøkkelord-merkelappar basert på desse data.

Du, dine vennar og familie kan abonnere på andre sine bilde direkte i Apple sitt iPhoto.

Denne startsida held deg oppdatert og informert om aktivitetane til vennane dine og nyleg opplasta bilde.

Du kan definere lisensen for kvart av bilda dine, eit sett med bilde, eller eit album som Creative Commons eller andre.

Bilde kan visast via to ulike bildeframsyningar. Eit kjempekult 3D bildeshow av Cooliris, eller eit meir «lettvekt»-bildeshow som heiter Lightview.

Post historiar av bildeaktivitetar, merk og del album og bilde med vennane dine på Facebook

Auto-annonser opplastingar av bilde og aktivitetar, merk & del album og bilde med tilhengarane dine på FriendFeed

Auto-annonser opplastingar av bilde og aktivitetar, merk & del album og bilde med kontaktane dine på Twitter

Autentiseringsstøtte for album og bildestraum RSS-kjelder, som tyder at dei digitale fotorammene dine og tredjeparts verktøy kan få tilgang til bilde med tilpassa personvern.

Vel bilder frå alle album eller frå alle brukarar og legg dei i korga di, nesten som ei handlekorg. Sjå gjennom bilda som om dei var i same albumet. Du kan òg legge til bilde til ei bildekorg for å utføre ei kraftigare redigering.

Endre eksponeringsdato og klokkeslett for eit bilde, både på eit enkelt bilde og på mange bilde samtidig.

Du kan skape og organisere bilda dine i så mange album du vil.

Expono kan finne kopiar av bilde med berre eit enkelt-klikk. Inga sløsing med lagringsplass.

Du kan lage eigendefinerte grupper i tillegg til dei tre standardgruppene; familie, vennar og jobb.

Du kan enkelt integrere enkeltbilde på andre nettsider eller bloggar som støttar grunnleggjande HTML.

Du kan enkelt integrere heile fotoalbum på alle nettsider eller bloggar som støttar grunnleggjande flash.

Du kan sjå dei siste aktivitetane til vennane dine via ei enkel tillagd side full av fuksjonalitet.

Du har din eigen interne innboks der du kan sjå kven som har kommentert, merka, valt bilda dine som favoritt, eller stemt på bilda dine. Send personlege meldingar, del bilde og meir …

Expono har eit reint grensesnitt. Vi ønskjer at bilda dine skal vere i fokus.

Enkel og smart deling av beskytta bilde via epost til vennar og familie. Expono krev ikkje at vennane dine eller familie loggar inn - sjølv om bilda dine er beskytta.

Expono snakkar ditt språk! Om du ikkje finn språket ditt nedanfor er det alltids ein sjanse for at vi held på med den Expono-omsetinga akkurat no, eller så kan DU kan hjelpe oss med det!.

Med uavgrensa lagring, kan du lagre så mange bilde som du ønskjer. Dette gjer Expono til eit supert lagrings-alternativ for bilda dine.

Søk i bilda og albuma dine, innanfor nøkkelord, spesifikke personar, favorittar eller alle offentlege bilde på sida.

Du kan vurdere andre sine bilde og andre kan vurdere dine bilde.

Expono har detaljert statistikk over kven som har sett kva frå kor.

Du og/eller vennane dine og familien din kan laste ned orginalbilda når som helst.

Vi brukar den beste programvara for kundeservice som er tilgjengeleg. Bli med oss på getsatisfaction.com/expono for å få svara du vil ha.